Hagen ( Hagje`n ) gnr. 97 Bøen, brn. 11
Her var det ei utslåtte i si tid. Ei flòt mellom vegen og steinbrautene langs Hovdåsens fem hundrad meter høge fjellborg. Med finnbust, siljurunnar og briskeholt utetter. Her song ljåen berre i klene forår. Staden vart kalla for Bø`n-hagje`n og høyrde til Nord-Bøen. Det låg lunt til dette jordstykket med nedrasa skriujord, blanda med grus og aur frå storflaumane i Juvåa.
Det høvde til å gå ein mann framom som av og til glytte inn mot den verlogne staden.
Det var Andres Olsen Holmen. Han var skreddar og hardslitar som tok kva arbeid som førefall. Ein plan tok etterkvart form. Han hadde drøymt om å få seg ein heim der han kunne så og kunne kalle det som han hausta for sitt. Ein ville sjå framtida tryggare i møte med ein fast verestad når huslyden vaks. Andres tok mot til seg og gjekk til John Halvorsen i Bøen og spurte om dette jordstykket var til salgs.
Det var det. Då Anders fòr heim att hadde han festebrevet i lomma på at jorstykket var hans. Og ikkje berre det, han hadde fenge det til gjevande slik at han trong ikkje betale noko for det.
Det var visseleg ein stor og god dag i skreddar Andres Olsens elles kravlause tilvære.
Etter dette var det ikkje lenge før Andres O. Holmen bytte namn og vart heitande Andres Hagje`n. Han fekk tak i ei stugu i Vesta\ som han hadde sette upp om lag der Reisjåstogua står no. Seinare rådde han seg til med einlåve som fekk plassen sin nord under skogen. Sidan eit lite fjos innpå sletta med plass til ei kyr og ein kalv der kona Helga og dottera Anne hadde sitt arbeid.
No er alle av denne familien utflutte eller døde. Stogua deira er i Bondal og står nedan Fjellhaug som hytte saman med buret. Sønene Ola og Anderes nådde ingen alder. Dei var dei siste som budde der. I 1951 slutta det å stå røyk av Hågåstogua. Då Tuddal Museumslag vart til og trong rom til sine framtidige planer, bar dei til å feste augo på den laglege plassen på Hagen med tanke på å få til eit bygdetun.
|