Opptaket til Tuddal Museumslag vart gjort på møte på Tuddal Turistheim sundag 3. juni 1951. John J. Tjønn slo den fyrste gneisten på bakgrunn av eit vaknande krav mellom bygdefolk om å berge det som var att frå den gamle tida. På møtet ble det valgt eit førebels styre.
Målet var å få reist eit bygdetun i Tuddal med gardshus som det var gjørleg å få tak i av den gamle busetnaden kring i bygda og som var i nokolunde brukbar stand.
Eigendomsrett var det og von for etter at Hans E. Lia, Aarlifoss som fyrste odelshaver og som hadde kjøpt Hagen ved skiftetakst, viste imøtekome og var villig til å fråskrive seg odelsrett til fordel for Museumslaget.
For å få sakkunnig hjelp tilskreiv Museumslaget arkitekt Halvor Vreim. Han kom i oktober 1953 og etter å ha sett på staden uttala han: Hagen, ca 5,5 mål, vil være skikket til tomt for bygdetun. Så vidt eg kan skjønne er det vanskelig å finne en tomt i Tuddal som er så godt skikket til tomt for bygdetun som Hagen.
Arkitekt Vreims plan var å bygge opp husmannsplass og vaktmesterbustad, og kvern og stampe bortmed åa. Planen vart seinare fråfallen for meirkostnadens skuld og delvis for plassmangel.
Vreim laga sidan plan over Hagen til bygdetunanlegg. Han teikna av hustuftene på kartet som var oppsett av bygdefolk. Vidare sende han uførleg rettleiing om riving, flytting og oppattsetting av gamle hus og gav råd og hjelp.
Det var fleire flokar å løyse innan Tuddal Museumslag kunne komme til med reising av bygdetun på Hagen. Det var mange med odels og arverett og alle budde utanbys. Hans E. Lia og systera Aslaug var viljuge til å selje til Museumslaget med dei andre med odelsrett fastheldt retten sin.
|