I 1901 då Maihaugen for fyrste gong søkte om statsstøtte, gjekk arkeologiprofessor Gabriel Gustafson ved Oldsaksamlinga sterkt imot dette. Det var Noregs kulturhistorie som var det viktige, ikkje ei oppsplitting i ulike dalføre og lokalsamfunn. Skulle det ikkje la seg gjere å satse berre på Norsk folkemuseum, "saa lad det blive Østlandet og Vestlandet og Nordlandet hvert paa sit Sted. Tre eller fire Landsmuseerkan enda lade sig høre, men hundrede - umuligt."
Han skulle ta grundig feil. Utover landet blei det tumla med planar om museum og samlingar, og mellom 1910 og 1920 kom det to nye museum i året. Både i bygd og by dukka det opp historiske samlingar. Telemark var ikkje noko unntak, der J. K. Christie stod bak Skiens Musæumpå 1890-talet. Dette gjekk seinare inn i Fylkesmusæet for Telemarken og Grenland, som blei høgtideleg opna i 1913. Også på bygdene var det noko i gjære, og både i Bø og Heddal blei det teke initiativ til å kome i gang med museumsdrift i 1918. Bøheringane kom så langt at dei skipa eit lag og overtok ei gammal stugu. Men der stoppa det opp. Heddølane hadde store planar om eit tun i nærleiken av Notodden. Der skulle ein samle gamle gardshus - og slik det blei hugsa 30 år etterpå - skulle det sværaste av alt vere ei badstugu der ein kunne brygge det gamle maltølet som hadde gått i gløymeboka. Det blei med praten.
A.A. Ryen skreiv mange år seinare at han hadde innleidd om museumstanken på eit møte i Bondeungdomslaget i 1918, og det var stor interesse for saka. Men eldsjelene hadde på den tida hendene fulle med Hotell Bondeheimen, og museumstanken måtte finne seg i å bli sett på venteliste. Men under krigen fekk verneinteressene det brått travelt att. Ein direktør frå Oslo hadde fatta interesse for den freda Rambergstugo i Tinnegrend. Han ville kjøpe bygningen og bruke han som hytte ein stad på Austlandet. Halvor Vreim hjå Riksantikvaren reagerte og vende seg til ordføraren i Heddal for å få kommunen til å ta på seg utgiftene med å ta vare på stugo i bygda. Ei løysing kunne dessutan vere å få kjøparen til å setje opp huset innanfor kommunen, og ordføraren hadde ingen innvendingar mot ein slik tankegang. Det var ei skånsam løysing for kommunekassa, men då direktør D. Henriksen ville plassere den nye hytta si ved Elgsjøen eller Reskjemvatnet, kjølna den kommunale interessa. Skulle stugubygningen gøymast bort inne i ein skog, kunne han like gjerne reise or bygda.
Det kommunale engasjementet var likevel ikkje heilt dødt. Om ikkje Heddal kommune såg seg råd til å løyse oppgåva aleine, hadde ordføraren teke kontakt med kollegaen sin på Notodden, og saman sette dei ned eit arbeidsutval til å sjå på saka. Jamvel ei tomt kunne stillast gratis til disposisjon på Tinneberget om ho ikkje blei for stor. Den kunne nyttast både til stemneplass og museum, og planen var å lage eit telemarkstun.
I juli 1942 hadde Notodden kommune løyvd sin del av pengane, og 8. august kom Heddal etter. I grunngjevinga skriv ordføraren at sjølv om det aktuelle tomteområdet låg innanfor bygrensene, så låg heile byen på gammal heddalsgrunn. Dessutan var dette ein sentral stad både for museumsføremål, og ikkje minst med tanke på turisme: "Man vil på grunn av det centrale sted kunne regne med en ikke ubetydelig tilgang av turister og som følge herav igjen kunne regne med endel inntekter i fremtiden efterhvert som tunet lages og blir litt av et museum."
Planen var å kjøpe inn eit stabbur og "litt mer", som ordføraren uttrykte det. Utgiftene var ikkje noko å "skvette for" når det var to til å dele rekninga. Dessutan frykta han sterk kritikk om heradstinget let stugo forsvinne ut av bygda. Resultatet blei at begge kommunane gjekk inn for kjøp av Rambergstugo, og 20. oktober 1942 sette kommissarisk statsråd Gulbrand Lunde i Kultur- og folkeopplysnings-departementet namnet sitt under eit løyve til å flytte den freda bygningen til Tinneberget.
Men krigen var ikkje tida for å spele på det nasjonale og setje museumsplanar ut i livet. Rambergstugo blei derfor ståande, og i 1944 kom eit utspel frå rådmannen på Notodden som var ute etter lokale der Anne Bamle kunne sitje og sy bunader. I samband med dette ville han ha løyve frå Riksantikvaren til å legge inn lys og vatn. Halvor Vreim meinte at dette "må en bestemt fraråde." Nokre dagar seinare kom eit nytt brev frå Notodden. Denne gongen ved ordføraren, som forklarte kor stor bustadnauda var på Notodden generelt og for Anne Bamle spesielt. Dessutan låg bygningen nær _Tinnegrend stasjon, og det ville vere lett for Anne Bamles elevar å kome dit. Det hjelpte. Etter dette brevet meinte Riksantikvaren at ein ikkje kunne "så bestemt ta avstand fra at det legges inn vann i koven og lys i alle tre rum." Nå blei det ikkje bunadsaum i Rambergstugo, og Anne Bamle fekk aldri tid til å ta imot lærlingar, men i staden kom bygningen til å gje husly for finnmarkingar som måtte evakuerast i den siste fasen av krigen.
Etter freden var det Norskdomslaget som tok opp att museumsspørsmålet og sette ned ei nemnd til å arbeide med saka. Dette skal ha vore i 1946, og det var tilstanden til Rambergstugo laget var oppteke av. Men namnet på medlemmene i nemnda kom ikkje med i møteboka, ingen tok initiativ til møte og etter kvart gjekk nemnda i gløymeboka - iallfall nesten. Vinteren 1947 blei tråden teken opp att, og museumsnemnda blei rekonstruert etter minnet: A.A. Ryen, Eilev Landsverk, Austnå og H. Berge. Det fyrste bokførte møtet var 1. februar 1947, og der skjedde det to viktige ting: Gruppa konstituerte seg med Ryen som formann, og det blei bestemt å utvide nemnda. I alt 12 menn og tre kvinner fekk heretter sine bestemte arbeidsoppgåver å løyse: tomtespørsmålet, finansiering og innsamling av gjenstandar .
I startfasen var det enkelte som lufta tanken om at museet også burde dekke grannebygdene, men det blei snart bestemt at ein ikkje fekk gape over for mykje i fyrste omgang og nøye seg med kommunane Heddal og Notodden. Det heitaste temaet var likevel tomtespørsmålet: Våladalen, Høybøkåsa, Toreskås, Tveiten, Tinneberget, Kattekleiv eller Svintrudberget? Skulle museet ligge sentralt i høve til byen eller stavkyrkja? Alt før museumslaget var ein realitet, fekk Aasmund Groven i oppdrag å søke hjelp hjå Riksantikvaren både når det galdt tomta og kva som skulle plasserast der.
Den 16. november 1947 var det innkalla til konstituerande møte i Museumslaget for Heddal og Notodden. Leiv Sem kåserte om Olea Crøger og kasta fram tanken om å reise eit monument over denne folkeminnesamlaren. Deretter kom formalitetane. Føremålsparagrafen slo fast at laget skulle "samle og taka vare på alt som gjev kunnskap om liv og skikkar i bygda i gammal tid. I fyrste rekkje gamle bygningar og lausøyre."
Det var ei romsleg rettesnor å arbeide etter og er sikkert godt dekkande for den tankegangen som låg bak ynskjet om eit museum, ei generell interesse for den lokale historia, men også para med ein god porsjon norskdom. Det var norskdomslaget som stod for opptakten til arbeidet, og vi finn også sentrale figurar i museumslaget att i mållaget då det blei skipa i 1954. Av dei fem fyrste ordinære styremedlemmene i museumslaget, finn vi fire att blant dei tillitsvalde i det nystarta mållaget: To sit i styret, ein er varamann og ein er grendemann.
I det kjeldematerialet som er bevart i dag, er det lite spor etter ein museumsdebatt. Kanskje saka var heilt sjølvsagt? Det einaste er ein artikkel av J.T. (Johs. Tveitan?) frå september 1947 der han slo fast at det var på høg tid at noko nå blei gjort. Han starta innlegget sitt med å sitere Ivar Aasen:"Lat oss ikkje forfedrane gløyma...", og "forfedrane" i denne samanhengen var bonden. Å taka vare på både den materielle og åndelege delen av den gamle bondekulturen, var grunndraget i museumstanken, meinte artikkelforfattaren.
Dei fyrste som fekk ansvaret for å redde noko av det som var att av denne kulturen, var eit styre med Aasmund Groven som formann og A.A. Ryen, Johs. Flåterud, Leiv Sem og Ragna Kleppen som styremedlemmer. Dessutan valde Heddal kommune lensmann Småkasin som sin representant og Notodden skulestyrar Line. Etter vedtektene skulle det vere fire frå Heddal og tre frå Notodden i styret.
Ser vi bort frå dei kommunevalde styremedlemmene, er det eit svært stabilt lag som blir skipa i 1947. Fram til 1961 er det berre ei utskifting i styret: Leiv Sem overlet plassen sin til Hans H. Flåterud omtrent midt i perioden. På leiarplassen skjer det heller ikkje så mykje uventa: Aasmund Groven og A.A. Ryen byttar på vervet.
Heller ikkje 60-talet var tida for dei store endringane. John Rønningen kom frå varamannsplass og var leiar 1961-63. Deretter overtok veteranen Johs. Flåterud som sat med formannsklubba til 1971. På denne tida byrjar det å bli glissent med veteranar. Om vi ser bort frå Leiv Sem som var ute av styret og kom inn att seinare, sat dei fire andre frå det fyrste styret samanhengande i over 20 år i gjennomsnitt.
Når det gjeld samansetninga elles, var styret i museumslaget ikkje nokon kvinneforening. Ragna Kleppen sat rett nok i 20 år, men som einsleg kvinne heile tida. Etter henne var det fullstendig kvinnefritt ei tid, før Kari Moen og seinare Synnøve Kaasin dukka opp på 1970-talet. Også når det gjeld den geografiske tilknytninga til styremedlemmene, har det skjedd noko på desse 50 åra. Aasmund Groven var fram til 1964 einaste utanbygds i styret. Då fekk han selskap ein annan vest-telemarking, Trygve Rørvik. Dette heldt seg til 1970-talet Då er det eit generasjonsskifte på meir enn ein måte i museumslaget. Dei siste veteranane har nå gått frå borde, og inn kjem ikkje berre nye og yngre folk, men også folk utanfrå. Utover på 1970-talet byttar Leiv og Olav Sem på å vere dei einaste innfødde i styret, og i 1977 er innflyttarane aleine om å ha ansvaret for museumslaget.
Dette endra seg gradvis frå 1981, men i åra etterpå har likevel heddølar og notoddingar vore meir tilbakehaldne enn innflyttarane med å ta på seg styreverv. Det kan vere mange årsaker til dette, men dei som veks opp med gamle bur og loft, ser oftare på slike bygningar som heilt sjølvsagde. Kanskje det er lettare å kome utanfrå for å sjå verdien i det som er samla på Bygdetunet? Dessutan er det positivt at folk som flyttar til kommunen, føler seg så heime her at dei også engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på den lokale kulturen.
|