Tomtespørsmålet blei raskt avklara då dei fleste alternativa snart fall bort. Til slutt stod Tinneberget og Svintrudberget mot kvarandre . Båe stadene hadde mykje for seg, men Tinneberget blei for lite med tanke på framtida. På Svintrudberget var det derimot romsleg, og utsynet var det heller ikkje noko å sei på. Dessutan låg det "så nær Heddal kyrkje at turistane truleg lett vil finna vegen til museet," meinte komiteen som arbeidde med saka. I tillegg var dette den tomta arkitekt Vreim hadde gått inn for. Han kunne også godta ei plassering nedanfor Svintrudberget, nærmare kyrkja. Særleg for bilistar ville det vere lett å "gli" inn på denne plassen. Tinneberget hadde han problem med å godta. Tveiten meinte han låg noko avsides og ville truleg i framtida blei omringa av villaer, noko som ville gje museet ei uheldig ramme og auke brannfaren. Etter ein del diskusjon gjekk nemnda inn for Svintrudberget, og sidan dette var prestegardsjord, var det Kyrkje- og undervisningsdepartementet som sat med den endelege avgjerda.
I departementale krinsar blei ikkje tomtesøknaden sett på som noka hastesak, men etter åtte månader kom det svaret Museumslaget ville ha. Deretter var det offentleg pristakst som sette tomteleiga til 200 kr i året. Dessutan skulle det forhandlast med soknepresten om ein kontrakt. I denne heitte det at alle tilstelningar på tomta og i husa måtte haldast i sømmelege former. Dans var forbode, men folkeviseleik og oppvisning i folkedans var greitt. Bruk av alkohol var forbode på heile museumstomta, og ved festlege samkomer måtte folk kome seg på heimveg innan kl. 24. Seks stemne eller festar fekk greie seg i året, og soknerådet skulle halde eit auga med at reglane blei fylgde. I april 1949 var kontrakten godkjend av departementet, og så stod berre tinglysinga att før tomta var sikra for museums føremål.
Halvtanna år hadde denne operasjonen teke, men det betyr ikkje at museumslaget hadde sete med hendene i fanget. Ei av dei viktigaste oppgåvene var å skaffe pengar til dei gode ideane som skulle setjast ut i livet. Museumslaget hadde sett ned ei spesiell nemnd til å ta seg av dette arbeidet, og leiaren var A.A. Ryen. For mange var nok Ryen og museumslaget to sider av same sak. Han var levande oppteken av alt som hadde med norskdom å gjere, og han var handelsmannen som sette tallause forretningsidear ut i livet. Ikkje minst det siste var ein god eigenskap når det galdt å skaffe pengar i kassa. Derfor sa han og nei til formannsvervet i fyrste omgang. Han meinte han hadde ei viktigare oppgåve på den økonomiske sida.
Det fyrste store arbeidet dei ansvarlege for økonomien sette i gang, var eit lotteri eller lutspel, som det heitte den gongen. Museet i Heddal skulle rett nok vere ein lokal institusjon, men økonominemnda såg stort på det og la opp til eit landsomfattande lotteri. Gjennom annonser, m.a. i Nynorsk Vekeblad, og også via forretningsforbindelsane til Ryen, blei nær sagt heile landet trekt inn i arbeidet med å finansiere bygdetunet. Frå Valdres og Stjørdal, Kristiansand og Tromsø kom det tingingar på lodd. "Me sender hermed 50 øre kvar for å vera med i lutdraging om dei vinstar som er oppnemnde. Ynskjer oss ka som helst av dei 375 vinstar," skreiv Gerhard og Johannes frå Sunnhordaland. Og gevinstane representerte både gammal tradisjon og moderne tid: Dei gjevaste var utskore kroskåp og kubbestol. Deretter kom sykkel og radio. Mange av dei nesten 400 gevinstane kom frå butikken til Ryen, og det beste av alt: Netto overskot blei 12000 kr. Det svara til omlag to årsløner for dei som seinare på året skulle ta på seg arbeidet med Haave-stugo.
I 1954 og -55 var det nytt stort lotteri. Salsrepresentantane til Ryen spreidde lodd denne gongen og, elles var loddbøkene å finne på institusjonar som både er prega av norskdom og kontakt med landsbygda: Bondeheimen, husfliden, Norskdomslaget og Kaffistova. Dessutan var det annonser både i Morgenposten, Gula Tidend og Alle Kvinners Blad. Som før sette vareutvalet til Ryen sitt preg på gevinstlista: Dei etablerte familiane kunne nok godt tenke seg å grave litt ekstra i lommeboka for å prøve å sikre seg moderne innretningar som kjøleskåp og vaskemaskin. Dei fartsglade kunne drøyme om motorsykkelen IFA 125. Nesten like kostbar var bunaden sauma av Anne Bamle. For å få fart på salet stod han utstilt etter tur i Kaffistovene i fylket.
I tillegg til dette var det også ei stor samling kunst. Rektor på Statens sløyd- og teiknelærarskule hadde hatt med seg ein del kunstnarar på Bygdetunet. Dei blei oppglødde over staden og meinte noko måtte gjerast slik at museet ikkje blei ståande halvferdig. Primus motor var kunstmålaren Herman Willoch, og blant kollegaene sine samla han inn kunst for nesten 7000 kr som skulle loddast ut. Blant anna gav Anne Grimdalen ein skulptur.
Eit så omfattande tiltak som dette hadde også sine episodar. Ein av loddseljarane blei truga med politiet om han ikkje sendte oppgjeret straks. På Herøya måtte representanten for Bygdetunet returnere utan loddpengar, for mannen i huset hadde låst dei inne, og kona hadde ikkje nøkkel. Bunaden til Anne Bamle skapte også komplikasjonar. Han blei vunnen av ein kar på Gol, men han var meir interessert i kontantar enn kvinnebunad. Museumslaget var på si side ikkje så interessert i ei slik ordning. Etter lova kunne ikkje laget ha nytt lotteri på to år, og bunaden måtte i tilfelle ligge til da. Rådet til hallingdølen var derfor å gje gevinsten til ei han unte ein bunad. "Hallingkvinna har og ein fin festbunad, men eg er patriot og trur at Heddalsbunaden gjeng framom. Det skal vere gilt å høyra om Dykk er samd i det når De fer den der burt," heitte det i brevet frå Heddal.
Men vinnaren var slett ikkje samd. Bunaden var verdt 1700 kroner, og det talde meir. Museumslaget svara at bunaden hadde blitt i dyraste laget, og neste gong skulle kvinner i laget saume gratis, og då ville prislappen bli 800 kroner. Det var også den summen dei kunne tilby hallingdølen, noko han aksepterte. Planen til laget var så å selje stakken for 1200 kroner.
Eit meir orginalt tiltak var fiskekonkurransen i 1957. Initiativet kom frå Ryen, og Jernbanebrygga på Notodden skulle vere arena. Verken politi eller NSB hadde noko å innvende, og 183 personar betalte 15 kroner for å vere med og konkurrere om kjøleskåp, vaskemaskin og reiseradio. 1200 tilskodarar hadde funne vegen til Jernbanebrygga for å sjå kor mykje fisk som kunne dragast opp or Heddalsvatnet. Så langt eit vellykka arrangement, men ein liten bismak blei det likevel sidan arrangementskomiteen hamna i diskusjon med ein skienskar om kven som hadde vunne vaskemaskinen.
For eit lag som hadde teke mål av seg til å samle og setje opp gamle hus, var sjølvsagt arbeidet med økonomien eit viktig punkt. Særleg i ei tid då det ikkje var faste tilskotsordningar for slike små museum. Fram til 1963 viser eit oversyn at det var dei to kommunane som tok den tyngste børa. Staten var også inne i biletet, men der sat ikkje pengane laust. Til saman stod det offentlege for 62% av inntektene i perioden, eit tal som ligg godt under gjennomsnittet i dag. Til gjengjeld stod næringslivet for ein større del. Heddal Sparebank var den flittigaste bidragsytaren, men også Hydro og Tinfos spytta i kassa. Det same gjorde Kunstsilkefabrikken før drifta byrja gå nedoverbakke.
Stabile økonomiske tilstandar blei det fyrst då tilskotsordninga for halvoffentlege museum kom i 1975. Etter denne ordninga utløyste dei kommunale tilskota automatisk eit tilsvarande statleg. Mange stader førte dette til ei sterk oppblomstring innanfor museumsvesenet, men i Telemark var ikkje ambisjonsnivået så høgt. For Heddal og Notodden museumslag resulterte det i eit statleg og fylkeskommunalt tilskot på 10000 kr det fyrste året. Seinare blei planane utvida, og Heddal bygdetun blei lansert som regionmuseum for Aust-Telemark av fylkeskonservatoren. Planen blei aldri behandla. I staden for regionmuseum skulle det opprettast fylkeskommunale museumstenester i dei ulike delane av Telemark.
Tilskotsordninga fungerte fram til 1997, då kommunen igjen blei einaste offentlege bidragsytar. Fylkeskommunen drog inn all statleg og fylkeskommunal støtte frå dei ubemanna musea for å finansiere ei utbygging av museumstenestene i fylket. For denne regionen resulterte det i ei handverkarstilling ved Museumstenesta i Aust-Telemark.
For å få tilskot som "halvoffentleg museum" etter ordninga av 1975 var det eit krav at museet var tilgjengeleg for publikum. Også tidlegare hadde det vore periodar med omvisning. Fru Lofthus og fru Seljord dreiv kafe på Bygdetunet i 1954 og hadde omvisning mot at dei kunne stappe halve billettprisen - 25 øre - i eiga lomme . På 1960-talet hadde Sveinung Bakka drifta av kafeen, samstundes med at han hadde tilsyn med husa og omvisning. For dette fekk han 75% av inngangsbilletten som var på ei krone. Men museet hadde sakna ei fast omvisarteneste, og i 1977 kom det i gang ei prøveordning ved at Bakka og Synnøve Kaasin skulle dele på omvisninga, tre timar pr. dag.
|