I eit brev om museumstomta skreiv nemnda som arbeidde med saka i 1947, at plassen skulle ligge høgt og fritt, samstundes med at det var lett oppkøyring og ikkje risikabelt å kome dit med bil på holkeføre. Høgt og fritt kan ingen nekte for at Bygdetunet blei liggande, men at oppkøyringa blei lett, er det ikkje mange som vil gå med på. Vegen var derfor eit tilbakevendande tema i mange år. Både folk, hestar og bilar gjorde sin dugnadsinnsats for å skaffe brukbar veg for besøkande og transport av gamle bygningar.
Men i årsmeldinga for 1952 hadde vegen framleis ikkje nådd høgare status enn "provisorisk". Bygningsmaterialar og gamle hus måtte fraktast på telen opp prestegardsjordet, men etter ein omfattande dugnad sommaren 1952 - der det jamvel hadde vore med ein traktor - var det råd for bilar å kome opp bakken.
Bygdetunet var og arena for ulike kulturarrangement. Dels var dette ein måte å skaffe pengar i kassa på, men det var nok like mykje eit ynskje om å gjere Svintrudberget til ein møteplass. Olsokdagen 1950 opna såleis det store bygdesjået "Gamalt frå Heddal". Eige program var trykt, Olav Skogen hadde skrive prolog, og privatpersonar stilte ut over 100 gjenstandar som elles ikkje var offentleg tilgjengelege. I tillegg var det fleire ting museumslaget ikkje hadde våga ta inn anten fordi dei tok for stor plass, eller fordi det var fare for at dei kunne gå sund.
Elles dukka kjente namn frå NRK opp. Kari Borg Mansåker hadde program på Bygdetunet, og Helge Sverre Nesheim lokka 500 menneske ut i regnveret. Men flyet med hovudpersonen blei ståande på Fornebu på grunn av regn og skodde. Han kom sterkt att seinare og heldt barnetime for ungane og deklamerte Peer Gynt for dei vaksne. I tillegg var det jonsokmoro og taudraging mellom hydro- og tinfosarbeidarar, gjettekonkurransar med politikarar og bondekvinner frå grannebygdene.
Men det var innsamling av gamle hus og lausøyre som var føremålet med museet, og det gjekk ikkje lang tid før omverda byrja interessere seg for det som var planlagt på Svintrudberget.
Museumslaget hadde knapt kome i gang før dei fyrste tilboda om bygningar kom. Ein tinndøl ville kvitte seg med både røykstugu og bur. Ein annan hadde eit vengebur for mykje, og ein tredje reklamerte med at han hadde det eldste buret i Tinn, bygd i 1645. Låvar kom det tilbod om frå Åmotsdal og Hjartdal. Hjartdølen ville ha 3000 1949-kroner for bygningen sin.
Det fanst med andre ord framleis gamle gardsbygningar, om ein ikkje var så nøye med kommunegrensene. Men også frå Heddal kom det tilbod om hus. Eit felles problem anten husa kom herifrå eller derifrå var den tekniske tilstanden Dessutan var det ikkje alltid bygningane passa inn i det tunet museumslaget hadde planlagt. Eit eksempel på det er den gamle stugubygningen på Su-Sem som redaktør Henrik Huitfeldt hadde kjøpt i 1949 for å bruke som bustad i Oslo. Bustadspørsmålet løyste han etter kvart på annan måte medan det i Heddal blei liggande ei nedriven tømre som han ikkje fekk den prisen han ville ha for. Etter ni års lagring tilbaud han museumslaget bygningen. Sjølv om dette var ei gåve, understreka han at huset hadde hatt roteskader den gongen det blei rive, og lagringa hadde neppe gjort tilstaden betre. Tilbodet måtte derfor ikkje oppfattast som ei storstila gåve, påpeika redaktøren. Laget måtte snarare rekne med "betydelige utgifter."
I dette tilfellet takka museet nei. Fleire store stugubygningare som kravde store utteljingar var det rett og slett ikkje økonomi til. Same vegen gjekk det nokre år seinare med husmannsplassen Haugmoen. Fylkeskonservator Halvor Landsverk var i tvil om tiltaket hadde noko for seg, men Museumslaget sa ja til bygningane om kommunen støtta atterreisinga økonomisk. Dei kommunale midlane sat derimot langt inne, og det endte med at stugubygningen blei selt til Hjuksebø og buret til Sveinung Bakka. Låven var det meininga å bruke på Bygdetunet, men etter ei tids tenkepause blei han vurdert til å vere for stor.
Heller ikkje låven på Høymyrkåsa blei funnen verdig eit liv på den rekonstruerte husmannsplassen på Svintrudberget. Naturkreftene hadde rådd grunnen for lenge, men bygningen blei riven, og det tømmeret som framleis var friskt, skulle nyttast til restaurering av andre hus. Og eit lager med slike "reservedelar" kunne det vere greitt å sitje på, for heller ikkje dei husa som blei funne verdige til eit liv på Bygdetunet, var lytefrie. Ofte måtte det heller store utskiftingar til for å få bygningane i presentabel skikk.
Planane til Museumslaget dreia seg ikkje berre om gamle hus. Med tilskotsordninga i 1975 auka også ambisjonane. Arne Nordstoga, som var leiar på den tida, skreiv eit innlegg i Telen som han kalla "Frå bygdetun til bygdemuseum." Rett nok mangla det mykje inventar i dei gamle bygningane, men nå var det også viktig at kulturmedvetne menneske i Notodden og Gransherad gjekk saman om å få til eit brannsikkert bygg der museumsgjenstandane kunne oppbevarast trygt. Særleg følte Museumslaget eit behov for å ha ein skikkeleg stad å oppbevare Anne Bamles mønstersamling og bunad. I tillegg til artikkelen til Nordstoga rykte også laget inn ei tosplaters annonse der det appellerte til kulturmedvetne folk i kommunen. Eit innbrot i Rambergstugo på nyåret aktualiserte også planane om ei sikring av gjenstandane.
Tre ulike alternativ til plassering av magasinet blei lagt på bordet: Bygge det inn i skråningen mot riksvegen. Legge det nedanfor husmannsplassen. Prøve eit samarbeid mellom magasin og service-hus for stavkyrkja. Møtereferatet seier ikkje noko om kva slags alternativ laget gjekk inn for. Men på årsmøtet i 1976 var det ein post på saklista som heitte "Problemer i forbindelse med tegninger, finansiering etc. av ildfast bygning på Bygdetunet." Med det forsvann magasinet ut av møtereferata. I den samanhengen kan det og nemnast at Museumslaget gjekk mot planar om å rive Prestegardslåven. Laget kunne godt tenke seg å bruke låven til landbruksutstilling, og fekk sterk støtte både av fylkeskonservatoren og Riksantikvaren i dette spørsmålet. Arbeidet til museumslaget førte til at låven blei reparert, men museumsbygg skulle det ikkje bli.
I staden blei toalettilhøva ein gjengangar. Når omvisningane etter kvart kom i gjenge, og publikum tok i bruk Bygdetunet i større grad enn før, var det ikkje urimeleg at staden også hadde eit toalett. Men problemet var ikkje enkelt: Skulle det vere ein do av de gamle typen, skulle han tvertimot vere moderne og elektrisk eller kunne det installerast klosett? Både rådmann, teknisk etat, helseråd, fylkeskonservator og Riksantikvaren blei involvert i saka som enda med eit vedtak om klosett i kjellaren på Rambergstugo. Museumslaget håpa at anlegget skulle stå ferdig til sesongen 1978. Så lett skulle det ikkje gå. Å føre vatn opp til Bygdetunet er ikkje noko billeg tiltak, og ein framstøyt på 1990-talet har så langt heller ikkje ført fram. Men røyropplegget i kjellargolvet har iallfall kome på plass.
Hallgrim Høydal
"Lat oss ikkje forfedrane gløyma"
Heddal og Notodden museumslag 1947-1997 / Notodden 1997
|