Ein gong kom ein doktor med frue. Bunaden var prøveferdig.
Frua, ei berømd skodespelar, kasta av seg kjolen,
og dermed stod ho i berre nettoen.
Tenk ho hadde ingen ting under, og der stod denne mannen.
Ja, sa eg, men det var da mannen hennar, og så var han doktor.
Hmm… eg syns ikkje det var snålt.
Anne Bamle fortel om kundar
Bakgrunn
Fødd 13. november 1884 på garden Bamle i Nordbygda i Heddal. Ho var nummer fire av fem sysken – fire jenter og ein gut – og broren vart eit viktig førebilete for henne.
Ho var ei jente med mykje energi, ho var skuleflink - men var ikkje oppteken av vidare skulegong etter eit ungdomsskulekurs på Notodden.
Anne Bamle gjekk kort tid i lære hos ei sydame i Skien før ho i 1907 drog til Oslo og fekk seg arbeid i ei systue.
Anne Bamle var i Oslo i 12 år og arbeidde i tre ulike systuer som presserske og sydame.
I nokre år tok ho på seg sundagsvakter på Bygdøy Folkemuseum ved Ylistova og Håvestova. Her fekk ho interesse for soga og gamal bygdekunst. Ho vanka ein del i Bondeungdomslaget kor det var mykje aktivitet og mange kulturpersonar som sette fokus på det rotekte norske og den unike folkekunsten. I dei åra ho var ved folkemuseet nytta ho tida til å få eit grundig kjennskap til den tradisjonelle folkedrakta før beltestakken kom.
Ho studera dei gamle bunadene på Norsk Folkemuseum og var på leiting etter alt ho kunne finne om gamle bunader frå Heddal.
Syr sin fyrste bunad i 1914 etter mønster frå ”Heimen” – ein husflidsforretning i Oslo. Det var Hulda Garborg som rettleidde dei korleis bunadane frå ymse distrikt såg ut. ”Heimen hadde i mange år laga ei ”Hiterdalsdragt” og den hadde ei brunraud trøye og trekvart lange ermar. Broderi og band var i duse fargar.
I 1919 kom Anne Bamle til Notodden og slo seg ned der som bunadsyerske først i Tinnevegen og sidan i det raude uthuset i Hydrogate. Det tok tid å rette opp ting og ho for rundt i bygda og spurde dei hadde gamle raudtrøyebunader eller delar av slike. Her fekk ho sjå mykje og kopierte materiale. Dette blei grunnlaget for det som skulle bli hennar eigen variant av drakta frå bygdene i Aust-Telemark.
Ho fekk mange kundar blant storfolk og særleg etter at ho retta opp feila på ”Heimens ” modell.
Lenge sleit ho med fordomar, arbeidet med eigne mønster og for å skaffe skikka verkje til bunadene. På forkle og stakken nede utvikla ho dei store og vakre broderia som kjenneteikner Heddalsbunaden i dag. Bak på raudtrøya sette ho og ei rose fordi det ”var so snøtt der!” Til bunad passer ikkje ei vanleg handveske derfor laga ho låslomma som er sydd og brodert til stakken som han heng på.
Anne Bamle syntes det var viktig at folk kledde seg rett når dei gjekk i bunad med svarte sko og strømper og med noko på hovudet. Ho laga dei falske vippene, ”fe`folk hadde ikkje hår!” Det nyttar ikkje vørå nasjonal på midten og moderne i båe endin”
Målsettinga for Anne Bamles arbeid var klar og dreidde seg ikkje berre om rekonstruksjon. Ho let kunstnaren og estetikaren få stort spelerom. ” Ikkje elt det gamle va`fint. Det e`om å gjørå å få det så fint som råd, gjer ein ikkje det, vi`ingen ha det.”
Dette førte også til ein motsetnad mellom henne og bunadnemd og husflidsforretningar.
Bondekvinnelaget ville ha henne til å lage ei drakt til bryllaupet mellom kronprinsesse Märtha og kronprins Olav. Drakta blei utstilt under Telemark ungdomslags stemne på Notodden i 1929 og blei veldig populær.
Anne Bamle vert sjuk av ”helevetes ild” i 1940 og kjem til å får store plagar i hovudet med fare for synet på det eine auga.
Etter krigen og et lengre sjukdomsopphald i Skien flytte ho opp i det vesle skulehuste like ved barndomsheimen. Ein skulle tru det blei for tungvindt for kundane å koma dit - med dei kom.
Sjølv gjekk ho 3-4 km til posthuset med svære bunadspakker og hadde ikkje innlagt vatn eller avløp.
” Så snart eg har fått sydd ei drakt for meg sjølv,
kjem det nokon og vil kjøpe henne,
og dei masar og masar til eg må la henne gå.
Eg har ikkje så mykje bruk for ei festdrakt heller eg.”
Anne Bamle
|