| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Tveiten-loftet

Loft frå Graver-Tveiten
Årstall: Ca. 1800
Plassering: Tveiten
Bruk:
Særtrekk:


Bygdetunet vedtok å kjøpe Tveiten-loftet i 1956. Styret garanterte jamvel for eit lån på 10.000 kroner for å få handelen i hamn. Samanlikna med vengeburet ved sida, er denne bygningen ein ungdom. Byggeåret er sett til omlag 1800, og på dei 150-200 åra som skil dei to bygningane, har ikkje berre laftinga vore innom fleire moteretningar, men også dimensjonane har blitt heilt andre. Kravet til dimensjonar på skurtømmer har heile tida gått nedover, og dermed har også byggevirket blitt mindre og mindre, noko dette loftet ber preg av.

Det gamle ordet har vore "lopt", og det heng saman med luft og å lyfte. Det er altså snakk om rommet som har vore lyfta opp. Sidan dette var eit viktig rom, gav det namn til heile huset. Da gardar med loft i dei tidlegaste tider merkte seg ut, finn vi også bygningen att i stadnamn: Lofthus, Loftgard og Loftstveit er slike døme. Særleg er dette ein utbreidd namnetype i Vestfold, Telemark og Buskerud, og spreiinga har truleg skjedd frå kysten der kontakten med omverda var størst.


Loft frå Graver-Tveiten / 1 høgd

Detalj gang

Loft frå Graver-Tveiten / 2 høgd

Medan fyrste høgda var eit bur med lagerplass for mat og utstyr som hadde med matlaginga å gjere, var loftet gjesterom og oppbevaringsstad for klede og meir verdfulle eigneluter. Men etter 1700-talet blei ein del av desse funksjonane flytta inn i stugo, og loftet gjekk mange stader over til å bli eit reint forrådshus. Dette ser vi og i namnebruken ved at bygningar som tidlegare gjekk under namnet loft, nå blir kalla bur.

Korleis bur og loft har blitt bruka, finn vi spor av i den faste innreiinga. I buret er det mjølbyrdene (uttala med tjukk L) som er lettast å få auga på. Dette var bingar til å ha korn eller mjøl i. Enkelte stader finn vi steinheller under mjølbyrdene. Etter at bur og loft var lyfta opp på stabbar, var det vanskelegare for smågnagarar å forsyne seg av matlageret, men desto lettare for tobeinte tjuvar med navar og sekk. Ei steinhelle under mjølbyrda sette ein stoppar for den som ville stå under golvet og bore seg opp i vinterforsyningane.

I bura har vi og hyller der vi t.d. kan finne eit rikt utval av trog eller anna utstyr som ikkje blei bruka til dagleg. Men det mest særmerkte var nok dei gamle sengene i lofta. To eller tre sengestader etter kvarandre langs den eine veggen. Av og til har det og blitt plass til eit lite rom mellom sengene. Også i burs- og loftssvaler kan det ha vore senger. Desse blei nytta av gardsfolket når dei flytta ut or stugo om sommaren.
Loftet er den mest særprega av bygningane på ein telemarksgard. Det var den fyrste bygningen som fekk to høgder, av mellomalderbygningar i tre er det suverent flest loft og ingen andre trebygningar i fylket fekk slik omsorg då fredingsbylgja kom i 1920-åra. Medan andre gardsbygningar som ikkje lenger har ein funksjon, har gått til grunne eller blitt rivne, er det sjeldan å sjå at eit loft står for fall. Det ser ut til at det framleis er knytt prestisje og symbolfunksjon til loftet, sjølv om fryseboksen og gjesterommet har overteke den rolla bygningen hadde.

(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma.")