Frå langt tilbake har det vore særskilte hus til lagring av mat og det utstyret ein ikkje trong i det daglege matstellet på garden. Buret er nemnt fleire stader i dei gamle landskapslovene, og det blei t.d. ikkje rekna som manndrap å slå ihel eit menneske som hadde vore inne i annan manns bur og forsynt seg med gods og klede. Det var ikkje nokon heksekunst å forsere dei gamle låsane, og eit ekstra vern var kanskje nødvendig for den bygningen som ikkje berre inneheldt maten, men også såkornet for neste år og ofte også pengar.
|
|
Vengeburet frå Nord-Sem, innsida
|
Dei vanlege bura her i distriktet har vore i ei høgd med eitt eller to rom. I mellomalderen var dei plassert på holsteinar eller mur, og kanskje på slutten av 1600-talet kom skikken med å lyfte dei opp på ei grime med stolpar. På den måten har matlageret blitt verna mot smågnagarar. Men dette er neppe grunnen til at byggeskikken har endra seg i enkelte deler av landet, for smågnagarar har vi hatt til alle tider.
Det fyrste buret som kom til Bygdetunet, var Hellebrekkeburet som stod ferdig i 1958. Men det fekk ikkje noka lang levetid. I 1966 kom det tilbod frå Nord-Sem om eit vengebur som Museumslaget sa ja til. For å få plassert dette store buret måtte loftet flyttast. Hellebrekkeburet var det ikkje lenger plass til, og i 1968 blei det teke ned og selt sju år seinare.
Det buret Bygdetunet fekk i staden, var eit vengebur. Ein bygningstype som liknar litt på loftet med at han har ei tømra kjerne og svalegangar. Stolpane han står på, er trekt inn under bygningen, og huset blir på den måten kanskje litt svevande. Det får venger. Svalegangane er sjølvsagt bruka til likt og ulikt, men truleg og til å tørke lin i ettersom det også blir kalla linbur.
Sjølve bygningstypen ser ut til å vere spesiell for Aust-Telemark og Tinn. Vi kjenner han ikkje frå Bø og Nes, men derimot langs vassdraget frå Norsjø og oppover mot Hjartdal, med ei sidegrein til Lisleherad, Gransherad og Tinn. Grunnen til dette er uviss, men det er iallfall ikkje eit kortvarig motelune som ligg bak, for bygginga av desse husa har gått føre seg over eit par hundre år. Buret frå Nord Sem er truleg frå tidleg 1600-tal, og dei yngste ser ut til å vere frå 1800-talet.
Les mer om laftehovud...
|
|
Laftehue
|
Etter spor i stokkane å døme har det vore dør som har skilt austre vengen og framsvala. Spor etter senger er det ikkje i svalene, men innvendig er det rikeleg med slisar i veggene. Det er truleg etter mjøl- og kornbyrder. Med den gode høgda hovudromet har, har det vore godt rom til å henge opp kjøt og andre matvarer.
Den gode lagerplassen, ca. 22m2, tyder på ei relativt sein datering av huset, meiner Arne Berg. det gjekk truleg ei viss tid etter reformasjonen før det vart trong for så god lagerplass, i tillegg til dei andre lagerrom garden hadde.
Her er rundt eller ovalt tømmer med breie, ovale laftehovud som smalnar fint lite framover. Halsen er hoggen som raulandslaft og ligg nokså høgt i stokketverrsnittet. Det er kinning i overhogget. Hoggemåten høyrer heime i 1600-åra, kanskje helst tidleg i hundreåret. Det er ikkje spor etter gamle låsar, og dørane er heller ikkje til noka hjelp i tidfestinga. Dendrokronologiske prøver vil derfor vere avgjerande for tidfestinga, meiner Arne Berg.
(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma."
Arne Bergs utkast til manus om bygningen)
|