|
|
 |
|
|
Husmannsplassen
|
Årstall: ?
Plassering:Holastugo:
Bur: Susrud / Lienveien Låven: Lindheim / Hjartdal
Bruk:Som på garden, men i mindre målestokk.
Særtrekk:
|
|
|
Holastugo utsida
|
Alt på årsmøtet i 1949 blei det stilt spørsmål om Bygdetunet berre skulle vere ein storgard.
Spørjaren meinte at livet til husmennene også var verdt å dokumentere. Styret hadde ikkje prinsipielle innvendingar mot tanken og hadde sjølv lufta ideen.
Men på det tidspunktet var det sikkert nok å henge fingrane i med dei to husa som venta på flytting og restaurering.
Sjansen skulle kome seinare. Seinhaustes 1958 gav departementet løyve til å utvide museumstomta med eit halvt mål mot Svintrudberget. Dermed var det rom for ein husmannsplass, og i april 1959 gjorde Museumslaget vedtak om å kjøpe Holastugo av Bergit Hola for 500 kroner. Det skulle koste ti gonger så mykje å få bygningen flytta og sett opp.
|
|
Spiseplate / skåp
|
|
|
|
Bord og seng
|
|
|
|
Utgang
|
|
|
Då Holastugo blei selt, hadde det ikkje budd folk der på eit par år, og dei åra hadde neppe gjort huset betre. For alt i Bergit si tid hadde forfallet byrja, og vinterstid hadde kuldegradene lett spelerom i den gamle bygningen. Ei av dei som stelte for Bergit, har fortalt at ein vinterdag ho var der oppe, høyrde ho eit merkeleg smell frå matskåpet. Då ho skulle sjå etter, var det ei vørterølflaske som hadde frose og gått i tusen knas.
Dette er i sterk kontrast til den idyllen besøkande møter ein triveleg sommardag på Bygdetunet. Men for Bergit Hola var ikkje livet berre idyll. Ho blei aleine att på plassen etter at familien var borte og livnærte seg med arbeid på gardane i grenda. Dessutan hadde ho vev og vov mykje for folk i bygda. På sine gamle dagar blei ho klein til beins og måtte ha hjelp av grannelaget for å greie seg med å bere ved og vatn og kome på butikken. Til sist blei dette eit så stort problem at flytting til gamleheimen såg ut til å vere einaste løysinga. Både prest og lege var innom og prøvde å overtale ho, men Bergit ville ikkje reise frå heimen sin. Til sist rekvirerte distriktslegen Røde kors og fekk Bergit tvangsflytta. Ho var sjølvsagt ikkje glad for det, men innsåg etter kort tid at Solbakken var ein betre stad å vere gammal og ufør på enn husmannsplassen Hola.
|
|
Susrudburet
|
Forutan sjølve stugo har plassen også bur og låve. Buret på Hola selde Bergit, men Bygdetunet har fått tak i eit frå plassen Susrud som låg i det som er Lienveien på Notodden i dag. Låven er frå Lindheim i Hjartdal. Det seiest at plassen fekk namnet sitt etter sonen til presten Lind som skal ha rudd plassen. Det blei og fortalt at det var lite ved på plassen, og ei kjerring var derfor i låven og skanta flisar av veggar og bjelkar til kaffived.
Alle dei tre husa vi finn på husmannsplassen, er av same typen som på garden, men i mykje mindre målestokk.
(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma.")
|
|
 |
|