| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Reisjåfjoset
Årstall:
Plassering: Nistugu Reisjå i Tuddal
Bruk:
Særtrekk:



Reisjåfjoset, utsida
Like før jul i 1948 skaffa Museumslaget seg sitt fyrste uthus. Det var eit fjos frå Nistugu Reisjå i Tuddal. To hundre kroner var prisen. Ikkje nokon svimlande sum, men så var det heller ikkje nokon praktbygning som forlet fjellbygda. Fjoset hadde tre vegger då det blei selt, står det i bygdeboka. Ein kikk på bygningen i dag avslører fort at mykje av tømmeret er skifta ut, og prislappen kom opp i ti tusen kroner før fjoset stod ferdig. Både den skrøpelege tilstanden og det faktum at ein måtte ut av bygda for å finne eit fjos, må vi ta som eit teikn på at slike bygningar hadde blitt sjeldan vare like etter krigen. Fjoset er og det mest utsette huset på garden, påverka som det er heile tida av våt gjødsel, rå damp og gassar frå alle dei dyra ein skulle prøve å berge gjennom vinteren.


Reisjåfjoset, innsida
Reisjåfjoset har sengeplass for budeia oppe på veggen mellom båsrekkene. Neppe noko husvere å freiste med for den som vil skaffe seg tenestefolk i dag, men den gongen var det iallfall tolleg varmt å bu her. Det er også eit spørsmål om budeia heldt til her permanent. På nokre gardar var dette ein sengestad som berre blei bruka når lam og kalvar var ventande.
Målt med nåtidas auge var heller ikkje tilhøva for dyra så mykje å kyte av. På kvar side av ein midtgang stod kyrne festa med eit leikandband og glodde inn i veggen. Høyet fekk dei servert på golvet. Einaste lyskjelda var møkkagluggen. På den andre sida kan ein sei at dette var ein eigna måte å oppbevare dyra på under dei tilhøva som rådde. Det var knapt med for, og ved å stå i mørkret mesteparten av døgeret blei aktiviteten og kaloriforbruket lågt.

Gjødsla var eit viktig husdyrprodukt og blei i dette fjoset moka ut gjennom ein glugge i enden av bygningen. Der blei ho liggande for ver og vind til ho enda på åkeren. Til å vere eit så viktig produkt, var det temmeleg utvatna og forringa før det fekk gjere nytte i ei jord som hadde stort behov for plantenæring. Noko av gjødselsiget kom til nytte for jorda nedanfor fjoset. Av den grunn var husdyrbygningane ofte plassert i øvrekant av eit jordstykke.

(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma.")