| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Stulsbu frå Breistul


Breistul 1
Ein bygning som Museumslaget måtte langt ut i perifirien for å finne, er stulsbua. Bua på bygdetunet kom frå Breistul på grensa mot Bø i 1972. Der låg vår- og hauststulen til gardar på Vestsida. Akkurat denne bua har det vore tre bruk som har delt: Nordigard Su-Strånd , Suigard Strånd og Stråndehaugen.

Les meir om livet på Breistul

Nordigard hadde eige fjos medan dei to andre delte eit anna.
Langstulen, som var i bruk sommarstid, låg i nordenden av Vindsjåen i Hjartdals-fjella. Det var ingen liten ekspedisjon å få dyr og utstyr avgarde dit, og det blei sett på som ei stor lette den dagen den delen av stulsdrifta blei lagt ned. Men ein gong spela denne utnyttinga av ressursane ei viktig rolle i gardsdrifta. Det galdt å få dyra på beite så tidleg som råd om våren, og etter kvart som graset blei grønt, blei dyra flytta etappevis frå heimegarden og vidare til vårstule og langstule.

Dette var ei nødvendig driftsform, og det blir fortalt om Heddal i 1826 at beita utangjerdes heime var så dårlege at folk ikkje kunne fø kretura der lenger enn til jonsok. Men heller ikkje heimestulen gav fór nok. Derfor måtte bøndene ty til stular så langt borte som fjella i Hjartdal og Tinn - opptil 10-12 mil heimanfrå. Kor viktig denne driftsforma var, syner statistikken frå 1723. I Heddal var då nesten 97% av alle bruk på stulen. Så mange som 38% leiger stule. Det må bety at det var viktig å få tilgang på utmarksressursane sjølv om ein ikkje hadde stule til garden.

Stulen på Bygdetunet var i bruk av eigarane til mellomkrigstida, men bortleigd i omlag tretti år etter den tid. Stulsdrifta heldt derfor på heilt til Ingbjørg Roheim la inn årene midt på 1960-talet.

Bua er delt i to, med ei mjølkebu i den innerste delen. Her var rom for både mjølk og ferdige produkt som smør og ost. Det ytterste romet var opphaldsrom for budeie og hjuringar. Dessutan var dette også staden der kyrne blei mjølka før det kom fjos på stulen. Framfor sengene er det ei kupe, ein stokk med utholingar til å sitje på, men fyrst og fremst til å legge salt eller mjøl i for å få kua til å roe seg når ho blei mjølka. Erfarne stulsfolk reagerte på at stulsbua blei sett opp med mjølkebua mot sør og solvarmen, men idag er dette ordna. Dessutan har det blitt borte eit par omfar i høgda slik at det er visse problem for den som skal krype til køys i øvrekøya.

På Breistul kom det seinare både fjos og stallar. I alt var sju bruk involvert i drifta her, og mange av bygningane var delt mellom ulike bruk. Vinterstid var det hestar og tømmerhoggarar som overtok, og derfor kom det opp både høybuer og hus for hesten. Dette var ei driftsform som heldt seg lengre enn stulsdrifta, og dermed kan ein sei at skogsdrifta har forlenga livet til desse vår- og hauststulane. Men i dag er det stille i det som måtte vere att av stallar og fjos. Med kunstgjødsla auka kulturbeitedyrkinga, og vi fekk eit strukturskifte der nye heimebeite og meieri blei sigerherrar medan stulsbuene rotna ned og vollane grodde til.


Utsnitt gvåv

Arbeid med gvåvtak

Arbeid med gvåvtak

Det har seinare synt seg at det har skjedd mykje med denne bygningen under flyttinga til museet. Stokkar er bytta om eller fjerna, andre er kappa og lafta på nytt. Kor mykje som er autentisk frå den gongen dette var ei stulbu på Breistul er derfor uråd å sei. Bygningen står i dag iallefall rette vegen med mjølkebua mot nord. Det er også lagt på gvåvtak. Vi kan ikkje dokumentere at det har vore eit slikt tak på bygningen, men det var ein vanleg taktype i utmarka. Sidan bygningen ikkje har særleg antikvariske verdiar, har det vore ein høveleg stad å trene på å legge eit slikt tak.

M.a. frå Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma."