|
|
 |
Årstall:
Plassering:Øvre Øverland
Bruk:Stogu, bur, Uthus
Særtrekk:
Litteratur :
|
|
|
Stogu frå Øverland
|
|
|
|
Uthus frå Øverland
|
|
|
|
Bur frå Øverland
|
|
|
Dette var utgangspunktet for museet då det kom så langt som til ei fast etablering. Garden Øvre Øverland blei kjøpt til museumsføremål i 1931.
I 1832 blei Øverland delt i to, og den minste delen blei Øvre Øverland. Den eldste sonen på garden, Øystein Olsson, fekk hovudbølet,
og ein yngre bror det som seinare skulle bli museum. Denne broren døde ung, og dermed gjekk garden til eldste dottera, Anne (f. 1813).
Ho og mannen fekk skøyte på garden i 1834. Skogen hadde på denne tida blitt seld til grosserar Blehr.
I 1842 blei garden seld, og berre to år seinare var han på handel på nytt. Denne gongen var det Vetle Olsson Våer g.m. Aslaug Olsdotter Øverland som kjøpte han.
Dei hadde sju ungar, fødde frå 1842 til 1862. I 1881 overtok den eldste sonen, Jon Vetleson (f. 1847), garden. Han var utdanna lærar i 1867
og var mykje bruka i kommunalt liv. Medlem av heradsstyre, formannskap, skulestyre og skjønnsmann.
Mesteparten av garden selde han til Hydro, og så blei husestaden og tunet museumsområde.
Etter folketeljinga i 1865 var det nokså folksamt på Øverland:
1. Vetle Olsson Gardbrukar Sjølveigar 43 år
2. Aslaug Olsdtr. Kona hans 45
3. Jon Vetleson Son 19
4. Aslak ” ” 13
5. Vetle ” ” 10
6. Ole ” ” 4
7. Margit Vetlesdtr. Dotter 7
8. Ole Vetleson Far hans Føderådsm. enkemann 89
9. Åse Nielsdtr. Tenestejente ugift 24
10. Ågot Torgeirsdtr. Tenestejente ugift 68
11. Gunleik Herbjørnsson Losjerande Tømmermann ugift 30
12. Jon Tostensson ” Skulelærar ugift 42
13. Østen Halvorsson ” Dagarbeidar ugift 66
14. Jon Jonsson ” enkemann ” 69
15. Birgit Jonsdtr. ” Dagarbeiderske enke 76
Samanliknar vi med fødselsåra i Tinnsoga, er det ikkje heilt samsvar når det gjeld eit par av ungane, men det er bagatellar.
Dessutan har eldste dottera på 23 flytta heimanfrå på denne tida. Ho gifta seg same året med ein 11 år eldre enkemann.
Elles seier folketeljinga at det var seks hushaldningar på garden. Det vil sei at dei 10 fyrste budde saman og dei fem siste stelte seg kvar for seg.
Dei 15 personane var fordelte på to hus.
Av dei losjerande er det tre dagarbeidarar. I kommunen var det 53 med tittelen dagarbeider og 9 som kalla seg dagarbeiderske.
Dette var lausarbeidarar som tok tilfeldig arbeid. Ser vi på dei fastare forholda, var det 118 tjenestepiger , 23 tjenestekarle og 29 tjenestedrenge.
Det var 140 husmenn (med ulike bi-yrke) og 8 husmannskoner. 162 gardbrukarar og 11 selveiere. I Tinn var det altså fleire sjølveigarar enn husmenn.
Gjennomsnittet for fylket syner det same, men det var sjølvsagt lokale skilnader. Heddal hadde t.d. fleire husmenn enn gardbrukarar.
Eit lite spørsmålsteikn ved desse tala, for det er ikkje sikkert søka mine har lokalisert alle sidan det blir operert med ulike skrivemåtar og forkortingar.
|
|
Bur Øverland, nede
|
|
|
|
Bur fra Øverland, oppe
|
|
|
|
Bur fra Øverland, oppe 2
|
|
|
Etter matrikkelrevisjonen i 1863 hadde garden 17 mål ”maadelig” dyrka mark. Ni mål eng som var dyrka på same måten og 14 mål ”slet” dyrka eng.
Dessutan var det vel 13 mål slåttemark. Fem av desse var fjellslåtte. ”Noget” var til oppdyrking. Dyra på garden var dette året: 1 hest, 7 kyr, 3 kviger og 13 ”småkreaturer”.
Skog til husbruk, men ingen ting til sal. Attåt høyet blei det bruka "Foder Surrogater" : ”Løv, Riis, Størgræs.” I tillegg kom bar.
Transporten av høyet blei karakterisert som lang og tung, men garden var meir enn alminneleg godt dyrka.
Dyr
Øverland hadde i 1865:
Hest 1
Storkveg 11
Sauer 15
Geiter 7
Vi ser at det tradisjonelle dyr som rår grunnen. Det er verdt å merke seg at ein gammal kjenning som grisen ikkje har kome til garden ennå.
I alt var det 32 grisar i kommunen, og dei finn vi hjå gardbrukarar, presten og ein skogfut. Av hestar var det 212. Dei finn vi i det store og heile hjå gardbrukarar og leiglendingar.
12 stk. har to hestar . Berre tre husmenn har hest. Ein av desse var Ole Tostenssen på plassen Ånerud.
Han var ungkar og budde saman med ei tenestejente og ein tenestegut. Utanom hesten hadde han 8 ”storkvæg” og 18 sauer.
Med andre ord ein romsleg husmannsplass.
Ei rask samanlikning med andre bruk i kommunen syner at Øverland hadde ei forholdsvis stor besetning. Det er ikkje rekna ut noko gjennomsnitt,
men ikkje mange har over 10 kretur. Blant saueegigarane ser det ut til at presten toppar lista med 26, og leiglendingen Svend Kittilsen på Lisland har 23.
Elles har bøndene frå 5-6 og oppover, sjeldan over 15. Husmennene sjølvsagt noko mindre. I motsetning til flatbygdene har geitehaldet fordelt seg på sjølveigarar, leiglendingar og husmenn.
Med andre ord: ”Alle” kunne ha geiter. Min vesle leiteaksjon synte ikkje over 7-8 dyr nokon stad (men eg har ikkje gått gjennom alle bruk).
Konklusjon: Øverland var i 1865 ein gjennomsnittleg gard når vi ser på typer husdyr.
Men etter min raske gjennomgang av materialet ser det ut til at garden ligg noko over gjennomsnittet når det gjeld mengda av dyr.
Utsæd (Øverland)
Bygg 4,5 tn
Havre 0,5
Poteter 6
Rug har også vore dyrka i kommunen, men i svært liten utstrekning. Berre sju bruk er oppført. Den eine er presten, dei andre er alle i Mæl sokn
(Ørnes, Haugan, Miland og Berge). Det same talet for havre er 54, medan bygg har vore dyrka av ”alle” (409).
Over halvparten sådde mindre enn to tønner. Øverland ligg derfor i det øvre skiktet
Folketeljinga 1900
Ved denne teljinga bur det åtte personar på garden:
John Vetles.Øverland hf. Gift Gardbrukar 1847
Jorån Torgersdtr. Ø. hm G Husgjern./kreaturstel 1850
Vetle Johns. Ø. s ug Fehandel, skreppekar 1877
Ole Johnss. Ø. s ug Gardsarbeid 1882
Torger Johns. Ø. s ” 1885
John Johnss. Ø s Skulebarn 1888
Anfind Johnss. Ø s ” 1891
Aslak Johnss. Ø s ” 1894
John Vetlesson var ein aktiv mann i bygda. Det vitnar folketeljinga om også. Den dagen den blei tatt opp, var han på lagmannstinget i Skien.
Den eldste sonen, Vetle, var også frå verande. Han var ”midlertidig” i Jarlsberg. Elles er det å merke seg at tenarane er borte. Det same er alle dei losjerande.
Elles spesifiserer ikkje denne teljinga kva slags dyr som var på garden, men konstaterer at John Øverland dyrka korn og poteter, hadde både kretur og høner, kjøkenhage og frukthage.
|
|
Detalj dør
|
|
|
|
Skap , 1 etg
|
|
|
|
Skap og grind
|
|
|
Stogo på Øverland er ei tre-romsstogu, men i meir moderne variant enn dei andre. He har også andre høgda fått innreiing.
Nede er det måling av Thomas Luraas . Framskåp og gring overmåla i 1904. På tavla over døra står:”Du i mit Hus ei bande maa, men heller ut av Døren gaa, thi Gud det høre udi Himmerig,
som kan straffe dig og mig.”
Over klevedøra står det: ”Naar du op lukker denne Dør, da hos dig den Betænkning gjør, at Jesus Christ vor broder kjær, den rette Dør til Livet er. Mallet av mig T. Luraas d. 28. August 1847.”
Hengeskåpet skal også vere måla av Luraas.
I veggen ved klevedøra er det to kraftige jernkramper som blei bruka ved bereding og mjukning av skinn.
|
|
Detalj dør
|
|
|
|
Interiør 2 etg
|
|
|
|
Skåp /grind, 2 høgd
|
|
|
I andre høgda er det også måling, men dette er gjort av J. Gjøsdahl. Initialane tilhøyrer Vetle Olsen Øverland (V.O.S.Ø.) På framskåpet: 1851 A.O.D.Ø. (Aslaug Olsdtr. Øverland, kona til Vetle).
”Stat Hus i Herrens Fred, du vil det vel bevare fra Ildebrand og Tyvehaand og fra alskens Fare. Ulykken du avværge maa Ogud, som al Makt haver. Amen.”
|
|
Senger, 2 etg
|
Det er også restar av ei høgsetetavle, som har forestilt Jesus og disiplane i Getsemane, men tavla er skoren sund for å få plass til eit vindu.
Inventar: Vogga har fått nytt oppheng. Framskåp heng feil i forhold til skiva. Senga er frå Lurås, skore inn 1810 i fotenden. Signert T. Luraas 1847?. Potetglugg i golv.
Golvklokka oppe kjem frå Rudsgrend.
Hallgrim Høydal
|
|
 |
|