|
|
Jarbur Brynjulfsrud, utsida
|
Då vegen skulle leggast om, måtte dette buret flyttast. I staden for at eigarane skulle plukke det ned og flytte det til ein annan stad på garden, blei det kjøpt av Tinn museum og rive i 1925. Den gongen var taket svært dårleg, med lekkasje fleire stader.
Inngangspartiet er markant i dag med breie og kraftige beitskier. Tidlegare skal det og ha vore eit utskot på over ein meter framfor døra. I beitskiene er det spor etter både kroklås og bjønnelås. Dørbladet er ikkje originalt og skal vere bytt ut med eitt frå ei årestugu frå Mo.
|
|
Detalj dør
|
Tidlegare har det og vore himling i rommet, og under denne himlinga er veggane i dag røyksvarte. På ei gammal teikning har bygningen pipe, men pist og pipe fører ikkje til så sotete veggar, så denne innretninga kan ikkje vere så gammal. Men sidan taket er nytt, er det uråd å sei noko om andre røykopningar.
Arne Berg stiller spørsmål om korleis bygningen har blitt bruka. Det seiest han på slutten var eldhus, og dørstokken er godt nedhoggen etter å ha blitt bruka som hoggestabbe. Det tyder på at det har blitt lagra kjøt i huset. Men har ei så svær dør berre ført inn til eit lagerrom? Moldbenkar manglar, så nokon stugubygning har det neppe vore.
Noko ein er meir sikker på, er alderen. Ut frå forma på laftehogget (findalslaft) blir bygningen datert til før 1350. Den flate profilrenna underbygger dette.
|