| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Trulsebur

Trulsebur, utsida
Trulseburet frå garden Holte ( tidligare husmannsplass )
Gnr./bnr 57/4 i Tinn.


” Ola kjøpte eit fint loft som hadde stade på Fiskheim. Det loftet skulde Truls Holte få mot at Ola fekk enka når Truls låg under torva. Ola var ikkje enkemann endå, men han venta å bli det for Anne var sjuk. Denne avtala fekk kjerringane vita og da Anne Mollbrekke låg på det seinaste gjekk holtekjerringa opp og skulde gjeva Anne eit trøystens ord. ” Det er vel drugt for deg som skal ligge so lenge og vente på døden.” ” Å det er vel drugar for deg som gjeng og ventar på Ola”, svarar Anne.


Detalj dør
Buret er av dei minste vi har. Det tømra rommet har ca. 5,2 m2 grunnflate innvendes mål, og måler ca. 1,60 cm frå golvet til oppå stavlægja. Som vanleg er døra i eine gavlen. Glugg har rommet ikkje. Framfor døra er ei sval med tilevegger på tre sider. Ho er endå mindre enn burerommet. Men likevel kan det vera at der var rom til ei veggfast seng til venstre for døra, tverrsnitt som der det viser skiss i ein veggstokk der ein sengefront kan ha vore skissa inn. Der senga kan ha vore, er det ein glugg i tileveggen. Men han kan og ha kome til seinare.

Elles er her ikkje mange merke etter innreiinga. Eit er ved innerdøra: I øvste veggstokken ved låssiden er opplegg i vegge etter ei hylle eller kva det kan vera, eit opplegg som når frå beitskia og ut til langveggen, ei ca. 75 cm brei hylle. Men i motsette tverrveggen er ikkje motsvarande opplegg.

Av bygningshistoriske kriterium å tidfesta etter er det novhogg som melde seg først. Veggstokkane er ovale med rette ovale novhovud, dvs. dei smalnar ikkje frametter. I ovverhogget ei snau kinning, dvs. lite er synleg utanom den kryssande stokken. Underhogget har rett fals. Laftehalsen sit om lag midt i stokketverrsnittet, og er hoggen med garpe, altså som raulandslaft. Slik kunne dei hogge i mellomalderen, men også i lang tid etter reformasjonen. Undermennene, stokkane under stavlægjene, er særleg dekorerte på utsida nærast novrekjene. På det lange stykket der undermannen held fram gjennom svala, er han flathoggen både på utsida og innsida.

Både i den ytre og indre døra er der att etter gamle låsemåtar. Ein rimeleg rekkjefølgje kan vera at låsen i innerdøra var i bruk ei tid, så vart det så pass verdfullt det som var i svala at det kom lås i ytterdøra og. På låssida til innerdøra er det to nykkelhol for eihands bjørnelås, eit delvis gjennom beitskie har det truleg høyrt ein låsstokk. Det sit att nokre nagelhol i henne som kan ha vore etter at låsstokken vart fest der. Låsstokken ser ut til å ha stått slik til at det vart trongt for eine nykkelholet.

Les mer om laftehovud...


Detalj, trulsebur
Øvst på beitskia er ein profilrest. Framsida og dørsmygen kan ha vore profilert øvst til nedst, truleg var beitskia på hengslesida profilert. Likeins: tre smale, grunne renner har vore høvla inn, breiast den i midten. Slike profil er kjende i mellomalderen. Men det kunne vel henda at profilstålet kunne nyttast om att seinare og, endå om det er mindre sannsynleg di lenger det lir.

Profilresten, det imiterte tvinna på undermannen, novhogget og spor etter den eldste bjørnelåsen, alt i hoplagt gjev tidfestingen til kring 1600- eller jamvel litt før – sannsynleg.
Men med naturhistorisk tidfesting vert uvissa borte.