Stallen er ei gåve frå Kjetil O. Geisklid og har kome frå plassen Geiteriv under Nord-Geisklid. Det er ikkje noko om denne plassen i folketeljinga frå 1865, men i Tinnsoga står det at plassen også har vore kalla Salmakarholet, etter ein salmakar som budde der. Det skal også ha budd ein tjuvaktig smed i Geiteriv. Han gjorde nykjel til bursdøra i Mårdalen og vanta såleis ikkje mat. Det blir også sagt at han stal geiter i Tessungdalen, og etter det fekk smeden namnet ”Geiteriven”, og plassen blei kalla Geiteriv.
|