Teksten er henta frå:
ØYSTEIN VESAAS
ROSEMAALING I TELEMARK
Eldre maalarar i Aust-Telemark
OLAV HANSSON ca. 1750 – 1820
Det er svært lite ein veit om Olav Hansson. Det einaste heilt sikre, er den måla innskrifti som finst på veggen Kleppen i Sauland: ” Malet af Ole Hanssen 1804 ”. Her hev ein eit sikkert prov for at Olav Hansson hev gjort denne målinga på Kleppen, og utifrå dette er det då av Rikard Berge og andre slege fast, at det er den same målaren som hev måla stogune på Rygji, Ramberg, Klokkarrud og Yli – alle i Heddal.
I Sauherad har det vori litegrand fråsegn om Olav Hansson. Det er visst ingen tvil om anna at han budde i Sauherad, og var vel kanskje truleg fødd og oppvaksen der, endå dette siste hev eg ikkje funne noko visst om. Det er mykje truleg at Olav Hansson budde på plassen Flaata i Sauherad.
Olav Hansson hev sikkert vori husmann og flutt omkring på ymse plassar. Somme tider kan han vel heve bruka ein gard og, som så mang ein gjorde. Chr. Gunnheim fortel i ”Gamalt fraa Telemark”, at Olav Hansson budde nokre år på ein plass som heitte Tjuven. Det ligg mellom Haukedal og Hem i Sauherad. Så kalla dei han Olav Tjuven. Uppstugo på Roe i Sauherad skulle vere måla av Olav Tjuven, seier Gunnheim. Der var blant anna måla Samson og Løva.
Johan Meyer nemner at etter segn i bygda så skulle Olav Hansson vere noko ustadig og helst noko glad i å drikke. Han hadde ein stor barneflokk og satt i små kår. Johan Meyer nemner også ei segn om at han skulle vere prestelærd, men då han var så ille til å drikke kunne han ikkje få embete, så slog han seg på maling og vart også kalla kyrkjemålaren.
Dette at han var prestelærd er sjølvsagt det reine tøys når det gjeld Olav Hansson. Hadde han vori prestelærd, så hadde han sikkert ikkje vori så forferdeleg klosset til å skive som han var. Skrifta hans tyder på svært liten boklærdom. Det kan kanskje hende at segna om den som var prestelærd og måtte slå seg på måling fordi han drakk for mykje er ei segn om ein av dei eldre verkelege kyrkjemålarane , som seinare heve feste seg til Olav Hansson.
Fråsegne om at han budde på Tjuven og Flaata høyres rimeleg ut til å kunne vere sanning.
Likeins at han sat i små kår som er det trulegaste av alt. Det fanst somme av dei gamle målarane som var av velstandsfolk ifrå ein gard. Men dei andre sat utan unnatak i små kår. At han hadde ein stor barneflokk og at han lika å drikke høyrest heller ikkje utruleg ut.
På Ramberg i Tinnegrend, eit stykkje utanfor Notodden finn ein eit måla stoguinteriør. Det er ein stor bygning med ei svær daglegstogu med eit veldig langbord i fyrste høgd og ei tilsvarande stasstogu i andre høgd. Denne ivistoga på Ramberg synes eg er den drustelegsate stasstogu av desse rosemåla stogune. Ho virkar så mektig og festleg med det same ein stig inn gjennom døra. På veggen i mellom glasa er det måla: ”Malinga er Bekostet af Den Velagte Man Jon Larssen og Anne Bjørns-Datter Ramber ANNO 1784.” Feltet er innramma av noko veldige muslingar med ein basunengel på kvar side.
Det er Jon Larsson Ramberg ( 1744 – 1801) som hev bygt denne stoga. Innreiinga er snekra og skore av den kjende Neri Masson. Denne ivistoga er også ope opp til mønåsen. Tak og vegger er måla med store festlege roser på kvit grunn, raudt og svart på raftane. Same fargar som på Rygji, ljos oker,friskt raudt og blått og mykje svart skravur. Senger, skåp, kroskåp og inngangsdør er ljos olivengrønne. Det er ikkje noko større biletmotiv i denne stoga. Det er berre dei to englane ved navnfeltet og på den eine veggen er ein fugl innramma av svære muslingar. På dørfyllinga er også eit stor muslingmotiv. Elles er det barokk rankemåling med noko veldige roseblomar inniblandt. Mønåsen er ogso rosemåla i denne stoga.
|