Tinn museum
Sam Eydes gt. 299
3660 Rjukan
Tlf. 35 09 22 33 (museet)
Fax 35 09 22 34 (museet)
Web: http://www.museumaust.no
E-Post: post@nia.tinnmuseum.no
Tinn museum er eit bygdemuseum med kulturhistoriske bygningar som tek for seg det gamle bygdesamfunnet i vår region. Her kan du studere bygningshistorie frå før Svartedauden og fram til rundt 1900. Bygningane viser ulike utviklingssteg og sosiale skille.
Museet tilbyr omvising i dei gamle bygningane der ein kan sjå korleis bønder og husmenn levde.
Tinn museum rommar også ei stor gjenstandssamling. Her finst stavkyrkjeportalar, tekstilar, materiell frå krigen, gamle trykk og teikningar. Dessutan har museet mykje utstyr og inventar frå det gamle bondesamfunnet.
Tinn Museum blei i 2004 konsolidert og er no ei avdeling av Norsk Industriarbeidermuseum.
I utstillingslokalet "Næsshuset" viser vi to utstillingar:
Tinndølkniven/Jern og smiing i Tinn
Utstillinga presenterer ei stor samling av knivar laga av smedar i Tinn, som blei vidgjetne for smedhandverket sitt på 1800-talet. Opplysningar om smedar, stempel, knivskaft, knivslir og slirmakarar. Utstillinga viser den tidlege jernutvinninga i Tinn, litt om kolbrenning og den omfattande ljåsmiinga på 1800-talet
Gjennom linsa til lokalfotografen
Denne utstillinga er ei samling fotografi frå 1903 til 1910, av den kjende fotografen K. G. Asland frå Tinn. Vi ser scener frå dagleglivet, spennande byggeskikk og menneska som budde her. Til fleire av bilda følgjer det med eit bilde tatt i 2003 som viser korleis kulturlandskapet og bygningane har endra seg i løpet av dei 100 åra som har gått.
Fast utstilling i Nedre Dal skole
Kyrkjeportalar, inventar, reiskap og annet utstyr frå det gamle Tinn.
Opningstider
01.06.08 - 14.06.08 man-fre 12:00 - 15:00
15.06.08 - 14.08.08 man-søn 11:00 - 17:00
15.08.08 - 31.08.08 man-fre 12:00 - 15:00
Elles ope etter avtale, Tlf: 35 09 22 33
Prisar pr. person
Vaksne kr 40,-
Pensjonistar/studentar kr 30,-
Barn (over 6 år) kr 20,-
Sal av billettar i kafeen.
Museumsfasilitetar
Faste utstillingar, omvising, museumsbutikk og kafe i opningstida.
Sesong: Sommar
Avstandar: Tre km austover frå Rjukan sentrum.
|