| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Brekkerunningsfjoset

Brekkerunningsfjoset , utsida
Årstall: Ca. 1650
Plassering: Brekkerunningen/ Brekke gnr. 115
Bruk: Fjos
Særtrekk:
Litteratur:



Detalj laftehue på fjos
Dette fjoset stod i Brekkerunningen, ein plass under Brekke gnr. 115. Det har vore uvanleg svært furuvirke i dette fjoset. Dei største svillane er kring 60 cm breie, og der står kvistar i veden som held sine 5 tommar i tverrmål. Han har vore romhendt Brekkemannen som lèt husmannen sin få slikt virke or skogen. Helst er fjoset bygt i Brekke og seinare blitt flutt ned.

Når ein ser på dette huset, får ein eit godt bilete av at det også har vore kjempeskog i Bondal.


dør på fjoset
Elles veit me ikkje noko å fortelje om fjoset. Det er gamalt, helst frå einstads på 1700-talet. Det kan vere frå Gunlek Johnsens tid, f. 1769. Han var far til målaren Ingebrett Brekke, eller kanskje det er frå hans far Johns tid? Han som har bygd det, er gløymd. Gamlefjoset i Uppigard Bondal er likt dette.
Ingen namn eller årstal er å finne. Berre ein D og ein V står over døra. Merke etter bås- og bandfeste står både inn- og utvendes so det må vere opp att stelt. Døra er låg – berre so vidt dei små kyrne den gong fekk smette ut og inn. Over sperrene har vore ein hjell.
Innfor desse svillane kunne buskapen kjenne seg trygg både for udyr og uver. Vel leà øyro seg uroleg i båsar og småkrettur-gardar når bjørnebrummel uti skogkanten og skrubbeyl bort frå Skjenanvassisen, stod inn gjenom ver-etne veggemot.
Hadde Tov Gunnlfsen Bingen f. 1870 levt, hadde me fenge visst meir. Han budde i Brekkerunningen ei tid og var ein minnug mann. Museumslaget kjøpte fjoset av Knut Bondal for kr. 400,-

(Etter O.J. Rui)