| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Flugoneldhuset

Flugoneldhuset (utt. el ùse)
Årstall: Ca. 1650
Plassering: Sud-Flugon/ gnr. 92, bnr. 1
Bruk: Stugu / eldhus
Særtrekk:
Litteratur:


Siste eigar var Olav H. Flugon. Bygningen har ein gong vore stugu og har stått på Sud-Opplandet, gnr. 92, bnr. 4. Denne delen gjekk over Sud-Flugon då Nils Tollevsjorden ( Hegar) frå Tinn, f. 1775, vart eigar der. Han var gift med Kari frå Flugon. Dette var omkring 1800 – 10, og stugo vart då flutt dit og seinare nytta til eldhus. Eit bur vart også selt den gongen, men det er usikkert til kven.

Nokon sikker alder finn me ikkje fram til, men eldhuset er gamalt, kanskje frå føre 1650 (?) og blir millom dei eldste husa på Bygdetunet. Kven som har vore byggar veit me heller ikkje.

Det har vore mønsåsstugu med spiss. Dette arbeidde seg inn omkring 1750 etter J. Meyers utsegn.
Ho høyrer altså til den eldre og låge type stuguhus her var, og som det står att nokre få av i bygda. På Nistugu Hovde og Sælstugu og Sud-Bøen.
Dei svære furuveggene syner også her hoss skogen stod i desse tider. Mønsåsen skal vere komen frå Kåldalen. ( Han er 16 tommar i tverrmål). Kan hende nokre av veggene med, for der var bra furuskog til Opplandet.

Stugo ser ut til å ha vore eitt rom. Døra er lågvoren og vindauga noko høgt på veggen. Dørsida snudde imot nordvest. Skivo var på austre vegg og peisen i nordaustre roa. Elles var det vanlege moldbenker rundt. ( Fortalt av Nils J. Flugon. )

Taket var av det vanlege slaget, med sperrer og øksetelgd tro, never og torvtak. Gjennom romet var lagd ei sperre (kronstokk) frå garlege til garlege. Frå den att til nordveggen låg røykråter til å hengje eit og anna til tørk på, legge ljå og reidskap upp på og kanskje til å ”gjere” ( gjære) knåost på.
Der er merke i veggen mot nord som kan tyde på ein slags skiljevegg millom døra og spissen – kanskje eit vern mot ”dynnegufsen”.
Likeins er det merke etter endå gamlare sperrefester i mønsås og garlege, som fortel frå eingong stugo vart uppatt steld. Truleg har det stått vedskjol inntil bakveggen.

Ole Nilsen, f. 1817, var den siste som budde i stugo den tid ho var i vinterbruk. På romsperra står det innrissa N.O.S.F. Det er helst Nils, son til Ole N. Han drog ut i unge år og kom ikkje att. Det seiest at han døde i Bergen.
Utvendes på dørveggen står skore O.O.S.F 1877. Det er Ole Olsen Flugon, seinare Adal. Ved sida står H.O.S.F. Det er broren, Hans Olsen, eigaren til Flugon og far til Olav Flugon.

Denne stugo stod høgt og fritt uppe på Sud-Opplandet, med svært utsyn over dalen og fjella mot sud og vest. Innreidnaden skal vere i ei hytte i Kåldalen.

(Etter O.J. Rui)