Høns har truleg vore haldne som husdyr i Noreg i omlag 2000 år.
Dei er såleis mykje nyare enn andre husdyrslag i norske bygder.
Frå byrjinga av vår tidsrekning har høns "nippa korn og tippa strå" på dei fleste gardstun i landet.
Egg og hønsekjøt har vore ein del av matsetelen like lenge.
Idag ser ein særs sjeldan fritt tippande høns på tuna. Dei er innbura i egg- og kyllingfabrikkar og det eldgamle uttrykket
"ved hanegal" er i ferd med å døy ut. Den som var vand med å bli vekt av hanens annonsering av eiga avlekraft rundt soloppang,
saknar låta no som han er blitt borte. Me høyrer han kanskje på feriereiser i "Syden".
Heime er både han og høna blitt innbura, usynleg og uhørleg, og endte oftast sitt unge liv som grillkylling.
På Heddal Bygdetun har mer bygd ein hønsegard slik folk var vande med fram til om lag 1960.
Ungane på garden hadde gjerne som fyrste dagsplikt å hente egga som anten skulle etast eller seljast. I hønsehuset, der hønsa sat vagla eller låg på reir, var høna måteleg nøgd med å å bli lyft på for at femåringen skulle finne egg. Høna vande seg likevel til dei små nevane som rota under ho, og kakla godlynt. Dei virka nøgde med den daglege rutina.
Tamhøns er artskryssa i eit par tusen år her til lands, og hønsa har synt skiftande fargar, storleikar, temprament, eggleggings-og flygevne. "Blandingsrasar" har difor vore regelen.
Rasane som syner seg i arkeologiske funn, er ikkje bestemte anna enn til arten "høns". Me veit t.d. ikkje korleis høne og hane såg ut i Heddal i tidligare tider.
Fyrst på 1900-talet blei raseavl av høns sett i verk med tanke på spesielle eigenskapar som eggmengde, slaktevekt og lynne.
Her ser du fleire "rasar", og blir det kyklingar her i garden veit me ikkje korleis dei vil sjå ut eller lynnet deira blir. Her kan det bli fargerikt fellesskap med fjør!
Me lat naturen rå hønsegarden slik livet var på gardane i tidligare tid.
- tekst av Helge Bråthen
|